fredag 18. februar 2011

Etter den artige safarien, blei vi kjort til Mombasa, det var derimot ikkje like artig. Pappa (Jan Ludvik) klager over forbikoyringane over Hemsedalsfjellet, da har han ikkje veart i Kenya! Vi folte oss enda meir usikker siden bilen vi satt i ikkje hadde bilbelte. Dei fleste bussar og bilar vi har sete i har vel eigentlig ikkje hatt bilbelte. Har dei hatt det, sa fungerar dei som regel ikkje. Vi blei sluppe av I trafikkorken I Mombasa, og vi  hapa pa at det var ein nattbuss som gikk til Dar eg Salaam, Tanzania. Vi var heldige a fann ein buss som skulle gatt for ein halv time sidan, men som ikkje hadde kome seg av garde. Ein mann provde litt for desperat a hjelpe oss. Provde til og med a hjelpe meg a telle pengane da vi skulle betale for billettane varas. Da blei Guri sa oppgitt at ho skjelte han ut, men det hjalp ikkje sa mykje, han hang pa oss som ein klegg. Sa det var jammen ein deilig folelse a kome seg inn pa bussen uten mannen. Klokka var 18.00 og bussen skulle ta 12 timar. Denne gangen hadde vi med oss ullklede, for vi skulle ikkje pa ein ny kald busstur. Pa grensa mellom Kenya og Tanzania matte vi pa do,men ogsa det blei litt styr. Vi fekk til slutt ein nokkel til ein do uten strom. Med lommelykt lyste vi inn pa toalettet. Det var ingen vanlig do, men eit hol I bakken. Det var ikkje forste gangen vi matte bruke ein slik do, sa det bekymra oss ikkje. Det som bekymra oss var dei to store kakelakkane som var nede I doen. Etter mykje om og men, og litt skriking, tok vi til fornuft. Ein etter ein brukte vi den udelikate doen, heldigvis for oss begge haldt kakelakkane seg nede I doen. Da vi kom oss pa bussen, kom det nye reisande pa. Blant anna ein fyr med sar og blod I ansiktet, og bak han fyr som slo han, gjentatte gangar med ein pinne. Vi forstod ingenting. Mannen forran oss fortalte at den sara mannen var ein tyv/skurk og at mannen med pinnen var politi. Hjelp! Skulle vi sitte pa buss med ein skurk! Det tok Ganske lang tid for vi begynte a koyre, for bussen skulle bli sjekka, og i bagasjerommet pa bussen var det fleire titals metallplater. Dei blei baren ut, alle samen, det tok sa lang tid at eg sovna. Da eg vakna opp igjen var dei ikkje ferdige. Da var dei pa vei til a dytte platene inn igjen I bussen. Endelig kom vi oss av garde, og begge to fall i sovn. Etter eit lite stykke vakna vi av at bussen gassa og gassa for a kome seg opp ein gjormete bakke. Det var ikkje ein veg med gjorme pa, men ein veg laga av gjorme. Bussen sklei seg oppover og endte med bakre venstre hjul ned i eit gjormehol. Bussen kom seg ingen vei. Over 15 menn dytta, gravde og provde a fa bussen opp av holet, men det gjekk ikkje. Sa vi matte bare tilbringe natta i den skeive bussen, ikkje noko vegvesen eller NAFF som kunne kome a redde oss. Om morgonen sag det ikkje noko betre ut. Verka ikkje som hjelp var pa veg. Sa vi gikk I gjorma til naermaste landsby saman med ein kar. Han skulle bli henta I landsbyen og koyrd til Tanga, nearmaste by. Vi var heldige a fekk tilbodet om a sitte pa. Da vi kom til Tanga fekk vi ny bussbillett. Bussen skulle ga om ein halv time. Det var nesten 24 timar sidan vi hadde ete eit skikkelig maltid, vi hadde bare gomla pa nokre kjeks I mellomtida. Men det var ikkje enkelt a finne mat i Tanga, bare ein mango og cola fall I smak. Det hjalp litt pa sulten. Men humoret var ikkje pa top da bussen som skulle kome om ein halv time ikkje kom for to timar seinare. Nar vi forst kom oss pa bussen fekk vi dei bakerste seta som ikkje gikk an a vippe bakover, sa I 6 timar satt vi der trotte, svoltne og slitne! Etter ei reise pa nesten 30 timar fra Mombasa til Dar es Salaam var vi framme, deilig!

Vi sjekka inn pa hostellet og kom oss pa ein restaurant, det var verkelig pa tide med litt mat. Tre menn innviterte oss med pa ein bar. Og sidan det var ein muslimsk helligdag var det ikkje sa mange barar apne. Sa vi fem endte opp pa ein takbar pa eit luksushotell. Dei tre karane var nokre svert saere fyrar. Ein skuespelar fra England, ein kokk fra Holland og ein reklamemann fra tyskland. Vi hadde det ganske bra, dyr ol, men flott selskap. Vi hoyrte nokre rare buldrelydar, forstod ikkje kva det var. Virka ikkje som tordenvaer..men sa sag vi lysskimt sikkert 15 km unna. Folk rundt oss meinte det var fyrverkeri, men det var bare oransje lysglimt, sa vi var i tvil. Den engelske skuespilleren var ein nysgjerrig fyr og kom i prat med eine vakta pa hotellet. Lysglimta vi sat og sag pa var bomber som gikk av med ein feil fra eit ammunisjonslager. Og det blei verre. Dei storste lysglimta sag ut som skikkelig kraftige bomber, sanne som du ser pa film. Eit par sekundar etter du hadde sett ei bombe ga av, kom smellet, vi hoyrte det, men vi kjente det I lufta ogsa. Det var heilt absurd a sitte pa ein bar, nyte ol, snakke om norske troll og fjosnissar og sja pa bomber. Vite at der borte var det redde mennesker som blei skada og drept. Da det hadde roa seg ned drog vi tilbake pa hostellet. For eg og Ingeborg synes det var skummelt sjolv, og turte ikkje reise pa rommet for vi var sikkre pa at det var over. I lopet av kvelden hadde strommen forsvunne I heile byen, den var ogsa borte det meste av dagen etterpa.
I dag, altsa torsdag 18 februar tok vi ferja til Zanzibar. I dag har vi utforska byen og funne ut at det er ein av dei koseligste byane vi har vert i til no, bortsett fra dei innpaslitande selgerane.Fjoh! :)
Der satt vi fast i 12 timer!

2 kommentarer:

  1. Fantastisk skildring av spennande dagar! Og flotte foto. Mormor elska den første utskrifta ho fekk av bloggen. Hald fram slik, vi sjekkar fleire gong for dagen. Fetteren din i Sør-Afrika er ikkje like meddelsam på bloggen sin. Nyt livet, luktene, menneska, hol i golvet (veldig praktisk, faktisk) og afrikansk tid. Klem frå fraglane

    SvarSlett
  2. Veldig artig å lese bloggen :) Er imponert over at de tek buss dei lange strekkene. Korleis er det å passere grensene? Sprøtt med dei eksplosjonane. God tur vidare!

    Helsing frå
    Kristoffer (i Tromsø)

    SvarSlett